top of page

BAKAR JON

Bakeri, kafè og spesialbutikk for lokalmat

​

Bakar-Jon har i mange år vore ein institusjon på Byrkjelo, og er ein populær stoppestad for både fastbuande og tilreisande. Namnet kjem frå 2. generasjon bakarar på Bakar-Jon, og er oppattkalla etter Jon Myklebust, som var eigar i mange år, heilt til Coop Nordvest kjøpte familiebedrifta. Bakeriet vert drive vidare idag på same måte som Jon og faren hans, Torbjørn Myklebust, har gjort heilt sidan starten.

Foto_DinaRyggEide-373.jpg

Bakeriet har lange tradisjonar, og deibakar alle produkta sine på eigne oppskrifter.

​

Her er mange freistingar i form av for eksempel brillebollar, kveitebollar, rosinbollar, skillingsbollar, wienerbrød, kringler, brød og bestselgjarane: Knekkebrød og havrekjeks.

Screenshot 2024-03-14 at 09.27.04.png
Screenshot 2024-03-14 at 09.26.41.png

I kafeén serverar dei dagens middag- kvar dag! Gjerne husmannskost som torsk, laks, kjøtkaker, kompar/raspeball, fiskegrateng, biffgryte, lasagne og ulike steiker.

Dei har og stor meny, bakevarer frå bakeriet, isbar og kakedisk med heimebaka kaker. 

Butikken er blant dei aller beste i klassen lokalmat, og utvalet blant lokalmatprodusentar er svært stort. Her finn du mellom anna delikatessar innen lokal drikke, frukt- og bærprodukt, fisk, kjøtt, lefser, flatbrød.

 

Noko for ein kvar smak!

​

Besøksadresse:

Breimsvegen 1809, 6827 Byrkjelo 

 Foto: Katrine Anita 

Utforsk området rundt Bakar Jon...

bottom of page