top of page

TRIVSELSSKOGEN

Trivselsskogen er eit nærturområde med fokus på folkehelse og nærheit til naturen for alle.

I denne skogen kan du velje mellom mange forskjellige turruter og aktivitetar for heile familien.

Du kan mellom anna nyte den fantastiske utsikta frå fosseteateret, lage ovnsbakt pizza på TIN-Campen, utforske kjærleiksskogen og draumekvila, eller kombinere skogsturen med ei økt i treningsparken.

Kun fantasien setter grenser i Trivselsskogen!
Foto_DinaRygg-16.jpg
Foto_DinaRygg-17.jpg
Foto_DinaRygg-18.jpg
Foto_DinaRygg-20.jpg
Det spektakulære fosseteateret i Trivselsskogen
Foto_DinaRyggEide-1.jpg

Når du står på Fosseteateret, kan du kvar dag og kvart minutt, oppleve forestillinga Holvikfossen gir deg. Alt etter årstid, mengde vatn og vind endrar opplevinga seg.

 

Her kan du oppleve alt frå det romantiske til det spetakulære. Få nærkontakt med Holvikfossen – det blir som å oppleve eit teater – på ekte!

​

Turen opp til Fosseteateret startar i Sandane sentrum med steinvarden utanfor intersport, der du følger hjertene som er printa i vegen, heilt opp til Trivselsskolen. Eller du kan parkere i Trivselsskogen og starte turen her i frå. 

​

​

​

Gratis trening med fantastisk utsikt!

I Trivselsskogen har dei laga ein stor treningspark som er gratis, og open 24/7. Her kan du finne på dine eigne øvelsar, eller prøve deg på eit av treningsprogramma beskrive på tavlene.

 

Kombiner gjerne økta med ein tur i skogen med venner eller familie!

​

Parken består mellom anna av pullups-stenger, spenstrapp, battle-ropes, slynger, dipsstativ, monkeybar, skråbenk og fleire apparat fra Tufteparken.

​

​

Foto_DinaRyggEide-6.jpg
Foto_DinaRyggEide-4.jpg
Foto_DinaRyggEide-7.jpg
Foto_DinaRyggEide-5.jpg
Foto_DinaRyggEide-09.jpg
Foto_DinaRyggEide-11.jpg
Foto_DinaRyggEide-08.jpg
Foto_DinaRyggEide-10.jpg
Matopplevingar i naturen

TIN-Campen (Trygg i naturen campen) er eit område i Trivselsskogen der du kan overnatte, grille, lage pizza, invitere til selskap, oppleve eit av arrangementa som blir holdt her, eller berre nyte ein liten pause etter ein tur i skogen!

​

Trivselsskogen ynskjer å gje barn, unge og folk med funksjonshemmingar – høve til å få lettare tilgang til naturen.

​

Her er det 6 gapahukar med soveplass til minst 6 personar i kvar. Rundt gapahukane er det bålplassar og 2 bakarovnar. Her kan du for eksempel steike din eigen pizza eller bake ditt eige brød. Ta med kollegaene dine på matkurs i det fri, eller overnatt i ei hengekøye under åpen himmel!

​

I Trivselsskogen skjer det mykje kjekt! Finn oversikt over neste arrangement i arrangementkalenderen vår.

​

Dersom du vil reservere overnatting, pizzaovn eller andre områder av TIN-Campen:
Reserver på Trivselsskogen.no
Draumekvila og Kjærleiksskogen
Foto_DinaRyggEide-15.jpg
Foto_DinaRyggEide-22.jpg

Draumekvila er eit flott turmål i Trivselsskolen. Spesielt for dei minste barna, og andre som ønsker ein kortare tur.

For deg som ønsker å gå lenger kan du fortsette frå Draumekvila vidare til Utsikten, og deretter Fosseteteateret.

 

På veg til Draumekvila går du gjennom Kjærleiksskogen, der du kan sjå alle hjertene som er hengt opp i skogen, og gå over dei flotte hjertesteinane. Ta gjerne med ditt eige hjerte i tre, stein eller anna naturleg materiale som du kan henge opp! I tillegg til hundrevis av hjerter vil du møte forskjellige figurar på veg til Draumekvila. Mellom anna troll, dyr og medlem av Hakkebakkeskogen.

​

På Draumekvila finn du dagsturhytta med minibibliotek inni.

I tillegg er her ein stor terrasse med flott utsikt over Sandane sentrum, Sørstrandsfjella og Gloppefjorden.

Eit flott turmål og ein god stad å nyte ein liten pause!

​

Utforsk området rundt Trivselsskogen...

Foto_DinaRyggEide-36.jpg
Foto_DinaRyggEide-38.jpg
Foto_DinaRyggEide-34.jpg
bottom of page