top of page

NORDFJORDRYGGEN

Gå 4 fjelltoppar og avslutt i vakre Trivselsskogen!

Foto_DinaRyggEide-431.jpg
Foto_DinaRyggEide-436.jpg

Turen er like fin på ski som til fots! Variert og godt terreng å gå i, frå toppar til idylliske fjellvatn. Fjell og fjordutsikt heile vegen.

​

Du startar på Utvikefjellet. Her går du utover fjellet til Fløtravarden, Snøfjellet/Grønskrea, Dunheia, Blånibba.

 

Så går turen ned Rypeskaret til Bjørndalen og får ei perfekt avslutning ned via Fosseteateret eller Utsikten i Trivselsskogen til Sandane sentrum.

​

Turen er 22,4 km og du bør sette av ca.7 timar.

Foto: Helge Aske

bottom of page