top of page

Landsbylaurdag

lør. 01. juni

|

Sandane

Denne landsbylaurdagen blir det Bondens marknad, planteloppeloppemarknad og aktivitet med Gloppen jeger og fiskarlag!

Landsbylaurdag
Landsbylaurdag

Tid & stad

01. juni 2024, 11:00 – 15:00

Sandane, Sandane, Norway

Om arrangementet

Det er sommer og sol, og klart for landsbylaurdag med Hagelaget sin populære planteloppemarknad!

Det blir også riktig god torgstemning når Bondens Marknad stiller på, og du kan få kjøpt smakfulle, gode lokale produkt!

Gloppen jeger og fisk er også med denne laurdagen, og førebur seg og oss på ein god fiskesommar! Dei har også med sveler og kaffi! Så blir også Natur og ungdom (NU) og Miljøagentane med! Dei arrangerer byttemarked for barn og unge. Her kan du levere inn bøker, leikar, pynteting, kle og sko (heile og reine), og bytte det i noko fint! Innlevernig av maks 15 ting pr pers.

Kjekt med lag- og organisasjonar som vil ha stand, og denne laurdagen kjem: * Gloppen Sp * Hobbyfotografane

Kl 10 - 11: Innlevering til barn- og unges byttemarked Kl 11 - 15: Bondens Marknad Kl 12 - 14: Hagelaget sin planteloppemarknad Kl 12 - 14: Gloppen jeger og fisk Kl 12 - 14: Byttemarked med Miljøagentane og NU

Velkommen til ein yrande kjekk laurdag på Sandane!

Og som alltid er lag- og organisasjonar velkomen til å bidra med aktivitetar og stand på landsbylaurdag! Ta kontakt med koordinator Birte Fossheim på birte.fossheim@gloppen.kommune.no om du vil delta!

Les meir om arrangementet her!

Share this event

bottom of page